Det seier gründer og dagleg leiar Jørn Sund-Henriksen i den nystarta reiselivsbedrifta Adventure Tailor.

Måndag var han i Fosnavåg for å delta på «Opplevingsfestivalen 2019» på Thon Hotel, der bortimot 100 aktørar innan reiseliv, kultur og produksjon av lokalmat og drikke deltok. Målet var å knyte til seg kontaktar i regionen. Den Oslo-baserte reiselivsaktøren satsar nemleg på Fosnavåg som ein av fem hovuddestinasjonar. Dei andre er Lofoten, Værøy, Narvik og Oslo.

Gift med utflytta herøyværing

Noko av årsaka til at Sund-Henriksen veit kor mykje Herøy har å by på er at han er gift med ein utflytta herøyværing, Kathrine Sund-Henriksen, opphavleg frå Kvalsund.

– Difor har eg vore her jamt sidan 2006. Og så var eg litt i området medan eg jobba i Norsk Industri og Norges Rederiforbund, seier han.

Gjennom sistnemnde jobb, vart han litt kjend med det lokale næringslivet, som sjølvsagt er ein fordel for den nye satsinga.

Vart introdusert for Maki

Sund-Henriksen sitt første møte med Fosnavåg hadde elles lite med jobb eller hustru å gjere.

– Det var i 2004. Universitets- og høgskolerådet hadde eit møte i Volda. På kvelden reiste heile konferansen med hurtigbåt til Fosnavåg for å ete middag på restauranten Maki. Det er eit typisk døme på at viss noko er bra nok, så gjer det ikkje noko at det ligg litt utanfor alt anna. Folk kjem dit kvaliteten er, og det trur eg Fosnavåg har, i endå sterkare grad no enn då eg kom første gong i 2004, seier han.

Fleire X-faktorar

Trass i at Fosnavåg er relativt ukjend som «turistby», synest Sund-Henriksen at plassen er ein godt utvikla opplevingsdestinasjon.

– I tillegg til eit stort konferansehotell, har du fleire X-faktorar, slik som Runde og Skotholmen. Dessutan har du Havopplevelse, som gjer veldig mykje forskjellig, slik at du kan tilby eit breitt spekter av opplevingar. Ikkje minst er her mykje matkultur, så du kan vere her i fleire dagar og ete fantastisk god mat på forskjellige plassar kvar kveld. Det er viktig, forklarer Sund-Henriksen.

– Liknar Lofoten

Gründeren vaks opp i Lofoten, så han veit kva han snakkar om når han seier:

– Fosnavåg er veldig likt Lofoten. Du kan gjere akkurat det same her.

– Så Herøy har potensial til å bli like stort som Lofoten når det gjeld turisme?

– Ja, absolutt. Men viss eg skulle gi eit godt råd, ville eg unngått nokre av dei fellene som Lofoten har gått i. Lofoten er jo fullt. Noko av det som er bra med å sende grupper til Fosnavåg er at her kan du oppleve det same som du gjer i Lofoten – hav, natur, mat og historie – men du får vere i fred og får meir eksklusive opplevingar.

Rike turistar og næringsliv

Målgruppa til den nye reiselivsaktøren er først og fremst menneske med høg betalingsvilje som vil ha hjelp til å planlegge. Ein del av desse finn Adventure Tailor i Kina og Russland.

– Det er land vi kjem til å satse på. Der kan du endåtil finne ganske små grupper med store budsjett. Dei er ikkje interesserte i å gjere noko research, men vil samarbeide med nokon som lagar heile programmet for dei og sender éin faktura på heile pakka, seier Sund-Henriksen.

Likevel ser han føre seg at den største kundemassen vil bestå av norske bedrifter.

– Det kan vere seg at dei skal på konferanse, studieseminar, eller at dei rett og slett vil oppleve noko hyggeleg i lag.