– Når eg las denne saka hadde eg to spørsmål. Kvifor er vi imot, og skal vi ikkje satse på turisme?

Det sa varaordførar Camilla Storøy (KrF) då formannskapet skulle ta stilling til rådmannen si tilråding om å ikkje gi løyve til Jetmund Runde sitt ønskje om å bygge fire fritidsbustadar på Runde. Slik Storøy såg det var det heilt nødvendig at kommunen viste velvilje overfor dei som vil satse på Runde, og peika på at Runde er Herøy kommune sin fremste turistmagnet.

Administrasjonen i Herøy kommune hadde allereie gitt avslag på søknaden, men Jetmund Runde nytta seg av retten til å få saka framlagt politisk. Rådmannen grunngav sitt avslag med at det er andre sterke samfunnsinteresser i området, samt at det er sett av område til fritidsføremål og andre byggeområde like i nærleiken. Han meinte også at om- rådet er så spesielt, og har så stor verdi i høve det særeigne kulturlandskapet på Runde at det ikkje er tilrådeleg å gi løyve til nedbygging. Spesielt tungtvegande for rådmannen var det at området er ein del av det særeigna landbruks- og kulturlandskapsområdet på Runde.

Spesielt det siste ville ikkje Kjell Runde (Folkelista) gå med på.

– At dette er eit landbruksområde er ikkje heilt rett. Det har aldri vore slått eit gras, og det er ikkje god beitemark. Området blir ikkje nytta til noko som helst, hevda Runde, som for ordens skuld såg behov for å presisere at han og Jetmund ikkje er i slekt.

– Viktig at saka blei politisk

Tine Storøy (H) meinte det var viktig at Jetmund Runde fremja krav om politisk behandling av saka.

– Det initiativet han tek her med å satse på garden og turisme, det må vi vere positive til. Eg skjønar ikkje kvifor administrasjonen har vore negative, dette er noko eg vil ha, sa ho.

– Ikkje turistnæring

Planleggar Tanja Rafteseth har vore sakshandsamar i denne saka, og ho meinte administrasjonen hadde fleire gode grunnar til å seie nei.

– Dette området ligg i omsynssona til landbruk, og det er noko vi ikkje har så mykje av i Herøy kommune. Samtidig er saka så enkel som at vi har sett av fleire område til utbygging på Runde, og så vil han bygge i området i mellom. Dette er også eit område der det er vedteke byggeforbod. Dette er heller ikkje snakk om turistnæring, men fritidsbustadar for privatpersonar, sa Rafteseth.

Ho fekk støtte frå utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn, som slo fast at administrasjonen ikkje har moglegheit til å gi løyve til eit tiltak som er i strid med vedtaka som er gjort i kommunestyret.

Jens Terje Johnsen (Ap) meinte det var positivt at det var snakk om fritidsbustadar og ikkje ei næringssatsing.

– Eg stanga litt i omgrepet Runde Resort då vi veit det er eit mykje større resort på gang på øya. Men at han Jetmund vil bygge fire fritidsbustadar i eit område der han heile livet har følt at det ikkje ser spesielt vakkert ut er berre positivt, meinte han. Johnsen sikta då til ordførar Goksøyr sine planar om Runde Panorama.

– Greier ikkje å sjå problemet

Også ordførar Arnulf Goksøyr (Høgre) var positiv til tiltaket.

– Eg greier ikkje å sjå problemet. Eg tenker at tenk om vi hadde klart å aktivere ungdommen på Runde, slik at dei kanskje vil kome seg tilbake til øya. Det er også eit problem at mange bruker eksisterande hus som fritidsbustader. Tenk om dei får seg fritidsbustader og kan selje husa sine eller leige dei ut? Vi må vere positive og offensive, og eg kjem til å stemme for tiltaket, sa ordføraren.

Formannskapet gjekk til slutt samrøystes inn for å gi løyve til oppstart av planarbeid. Vilkåret er at planområdet avgrensar seg ned til fylkesvegen, og at naustrekkja blir teken ut.