– Eg meiner Herøy kommune no bør kome på bana. Ein bør gå i forhandlingar med dei nye eigarane og få kjøpt tilbake tomta, seier han.

Like etter nyttår kom meldinga via eigedomsregisteret at Ervik Marine Services hadde blitt eigar av den store industritomta. Dei var tidlegare partnar med Stig Remøy og det seinare konkursråka krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries.

Tomta er overteken frå MJ Eiendom (tidl. Olympic Holding) for 7,7 mill. kr. Ervik var ein av fleire partar som tok pant i tomta for å sikre eigedomane dei hadde i Emerald Fisheries.

Herøy kommune hadde forkjøpsrett til tomta, men valde i 2017 å takke nei til å kjøpe ho. Dette vart stadfesta av bustyrar Thore Heggen overfor nett.no i mai i fjor.

Vi møter Kvalsvik på Mjølstaneset, eit industriområde med stor aktivitet, men med den kanskje beste tomta, nær sjøen, liggande uverksam.

Fryktar tomta blir ubrukt

Representanten frå Folkelista seier han seg undrande til kommunen si rolle i det heile.

– No har kommunen null kontroll på kva som skjer med tomta. At kommunen skal ha takka nei til å kjøpe tilbake tomta er heilt ukjent for meg. I verste fall kan tomta bli seld og bli liggande utan aktivitet, meir som ein spekulasjon inn mot framtida, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

– Kva bør kommunen gjere?

– Ein bør starte ein prosess for å få kjøpt tomta, og deretter tilby arealet, med tidsfristar til krav om bygging. Då kunne ein også ha ei viss form for styring med nysatsing i Herøy, lyder svaret.

Kvalsvik seier Herøy kommune har fleire millionar kroner liggande på ein konto for strategiske grunnkjøp, og synest det er i slike tilfelle kommunen bør handle.

– Dette er ei kjempetomt med tilhøyrande fiskerikai, og Herøy kommune har også lagt ned store summar i utbygginga på Mjølstaneset. Eg meiner kommunen har eit soleklart ansvar i denne saka, seier han.

– Før vi går i gang med nye prosjekt med areal og kaier bør vi i alle fall gjere det vi kan for å få avsetting på det som allereie er tilrettelagt, avsluttar Bjarne Kvalsvik.