Nyleg gjekk ambulansetenesta i Sande ut med nokre tankar kring drift og organisering av ambulansebåten. Mellom anna uttalte tenesta at dagens organisering, med båten fast stasjonert på Kvamsøya, har ført til tap av menneskeliv.

– Det utspelet stiller eg meg ikkje bak, seier ambulansesjef Lars Erik Sjømæling i Helse Møre og Romsdal.

Leiaren for ambulansetenesta i helseføretaket kjenner til brevet frå helsetenesta. Han veit også at det vart ein avisartikkel om saka.

Uheldig formulering

– Og eg kjenner til at det frå Sande Båtutleige si side vart reagert kraftig på det som går på «tap av menneskeliv». Eg vil seie at helseføretaket ikkje stiller seg bak den formuleringa, seier Sjømæling til Vestlandsnytt.

Han seier han har hatt konstruktive samtalar om saka både med ambulansetenesta i Sande – og Sande Båtutleige.

– Det eg kan seie, er at det er eit stort engasjement i begge leirar for at ambulansetenesta skal vere mest mogleg. Det er eit veldig godt utgangspunkt, og eg trur den vidare dialogen vil føre til noko bra, seier ambulansesjefen i Møre og Romsdal.

Sjømæling meiner det meste av innspelet til ambulansetenesta i Sande – i relasjon til det nye anbodet for ambulansebåttenesta – må reknast som konstruktivt.

– Båten leverer

I innspelet var det nemnt at ambulansebåten er mangelfullt utstyr, mellom anna med å redde folk på sjøen. Dette utstyret er på plass i båten, noko som også har vore omtala i ein reportasje i Vestlandsnytt for nokre år tilbake.

– Ja, det stemmer, og båten leverer det han skal, slår Sjømæling fast.

Optimalisering i fokus

Han legg til at det er ulike syn på kor mange minuttar ein kan spare ved at båten er stasjonert på den eine eller andre kaia. Dette er ein diskusjon og eit spørsmål ambulansetenesta i Møre og Romsdal har sterk fokus på i desse dagar.

– Optimalisering av tenestene med omsyn til utrykkingstid er noko vi jobbar med, og vert også eit sentralt moment i det nye anbodet, seier Sjømæling til Vestlandsnytt.

Når det gjeld flytebryggjer og kaier for ambulansebåten, er ambulansesjefen orientert om utfordringane i Sande. Ikkje minst når det gjeld landingsforholda på Voksa og Larsnes der ambulansetenesta og båtselskapet har uttrykt sterk bekymring.

– Dette er saker eg kjenner til, og vi skal også ha eit fellesmøte med ambulansefolka i Sande og mannskapet på båten, der vi ser nærare på slike forhold. Eg har tru på at vi gjennom ein konstruktiv dialog kan skape ei endå betre teneste, avsluttar ambulansesjefen.