Sverre Kleppe med andreplass

Fredag deltok Sverre Kleppe i fylkesuttaket for kokkefag i «Skole-NM». Sjølv om konkurrenten frå Fræna blei for tøff, og sandssokningen enda som nummer to, er han strålande nøgd med erfaringa.

Sver­re Klep­pe: Her ser vi Sver­re Klep­pe og ho­vud­ret­ten han laga til. Han had­de i alt fire ti­mar på å lage ma­ten, ti­mar som gjekk fort iføl­gje Sver­re. – Det er all­tid hek­tisk dei sis­te mi­nut­ta. Foto: Pri­vat  Foto: Privat

Nyhende

Kleppe tok seg fyrst vidare frå lokalkonkurransen på kokkelinja på Herøy vidaregåande. Etter perfeksjonerte han rettane sine saman med lærar og medstudentar.

– Eg har hatt god hjelp frå klassekameratane mine og lærarane, så dei skal også ha skryt for at eg leverte ein prestasjon eg er nøgd med, seier Kleppe.

Oppgåva Kleppe fekk var å lage ein middag som kunne passe i ein barnedåp. Deretter fekk han velje mellom fleire råvarer, noko han også blei bedømt utifrå.

– Eg valte å gå for tradisjonelle norske råvarer dei fleste vil kjenne att. I ein barnedåp er målgruppa veldig samansett og ein må gjerne servere noko både eldre og yngre vil like.

Kleppe laga to rettar i meisterskapet. Til forrett laga han kylling veloutesuppe med bacon, brokkolini og urteolje-baguett. Han laga også raudvinsbrasert svinenakke, sautert spinat, gulrotpure, løk-koppar, raudvinsaus og lun ovnsbaka potetsalat.

– Det var kjempekjekt å delta og sjølv om eg tapte i fylkeskampen, er eg fornøgd med resultatet. Det var lærerikt, seier Kleppe til Vestlandsnytt