Sande best av sunnmørskommunane

Sande kommune gjer eit kjempesprang på Forbrukarrådet si måling på kommunal informasjon.

Sande illustrasjon 

Nyhende

Av kommunane i Møre og Romsdal hamnar Sande nemleg på tredjeplass, slått av Molde og den soleklare vinnaren Nesset.

Sande er dermed best av kommunane på Sunnmøre, og ligg som nummer 44 i landet.



Særskilt godt kjem Sande ut på informasjon som knyter seg til tekniske tenester og generell informasjon. Kanskje har den nye heimesida spela ei rolle i kåringa. Sist det var slik måling, i 2016, hamna Sande nest sist av kommunane i Møre og Romsdal.

Den gongen hamna Herøy på fjerdeplass. No ligg Herøy på 22.-plass mellom kommunane i fylket. Elles finn vi Ørsta på 9.-plass, Volda ligg som nummer 11, Hareid er nummer 19, medan Ulstein er nummer 28 og Vanylven nest sist, på 34.-plass av kommunane i Møre og Romsdal.

Forbrukarrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike tenester. Kommunane er testa på nær 30.000 opplysingar, og spørsmåla er retta via telefon, e-post og gjennom søking på nettsidene.