Rundesatsing får tommelen ned frå rådmannen: Får prøvd saka si politisk

Rådmannen vender tommelen ned for nysatsing med fritidsbustader på Runde.
Nyhende

Herøy formannskap skal i dag ta stilling til om Jetmund Runde skal få lov til å planlegge utbygging av fritidsbustader og naust på eigedomen sin 400 meter vest for hamna på Runde. Her har grunneigaren ønskje om å tilby tomter til fritidsføremål på oppsida av fylkesvegen, og til naustføremål på nedsida mot sjøen. Desse planane har han fått lov til å presentere for kommuneadminstrasjonen.