Myklebust Verft har vunne storkontrakt

Myklebust Verft har inngått kontrakt med AKOFS Offshore om ei større oppgradering av brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer.
Nyhende

Dette opplyser Myklebust Verft AS i ei pressemelding tysdag. Etter planen skal fartøyet kome til verftet i mai. Størstedelen av arbeidet frå verftet si side skal vere utført innan oktober 2019.

- Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide.

Overfor Vestlandsnytt stadfestar Hide at verdien på kontrakten svarar til verdien på ein nybygg-kontrakt.

Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne og er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.


Myklebust Verft framleis utan nybygg, men:

Lyfter blikket etter intensiv periode og beintøffe år økonomisk

Myklebust Verft vart i sommar skilt ut som eige selskap, og står igjen på eigne bein. Økonomien er i ferd med å stabilisere seg. Leiinga, saman med dei tilsette, kan sjå framover.

 

- Stor sysselsettingseffekt

Hide fortel vidare:

- Oppdraget vil ha stor sysselsettingseffekt både for eigen arbeidsstokk og for ei rekkje underleverandørar. Vi kjenner AKOFS Offshore frå eit større oppdrag som vi leverte for tre år sidan. Den gong gjaldt det eit liknande fartøy, AKER Wayfarer. At dei no vel å kome tilbake til oss er ei solid tilbakemelding til alle våre tilsette og våre samarbeidspartnarar som jobbar her.

- Straks bakarane har klar kakene blir det kontraktsfeiring på verftet, lovar verftsleiaren.

Det var i juni 2018 meldinga kom om at AKOFS Offshore hadde vunne ei fem år lang kontrakt med Equinor der AKOFS Seafarer skal utføre lette brønnintervensjonsoppdrag på den norske kontinentalsokkelen. Fartøyet skal vere klart til operasjon i løpet av første kvartal 2020.