Bergsøy og LGFK likevel ikkje i same pulje i OBOS Cup

For første gong på Sunnmøre vert OBOS Cup arrangert. Bergsøy og Larsnes/Gursken hamna først i same pulje, men så vart oppsettet endra.

Med i ny cup: Dette er frå kampen på Havila stadion Fosnavåg sist haust, der herøyværingane slo sandssokningane 6–2. (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

OBOS Cup vert av Sunnmøre Fotballkrets fronta som eit eige cupmeisterskap på Sunnmøre.

Det er fire klasser: Kvinner senior frå 3.-divisjon og nedover, menn senior frå 4.-divisjon og nedover i tillegg til eigne klasser for G16 og J16.

Meir enn 50 lag frå Sunnmøre har meldt seg på nyskapinga. For å få flest mogleg kampar har SFK lagt inn eit mellomspel etter gruppespelet, og før semifinalen. Planen er at finalane skal spelast på ein felles arena i månadsskiftet august/september.

I kvinneklassen er det dessverre ikkje påmeldt eit einaste lag frå Ytre Søre Sunnmøre.

Men i seniorklassen for menn finn vi fleire. Bergsøy møter Sykkylven, Guard, Vanylven og Spjelkavik 1. Larsnes/Gursken er i pulje med Hasundgot, Åmdal og Giske.

I dei to andre avdelingane finn vi lag som held til nord for Breisundet.

Bergsøy-gutar med

Bergsøy stiller lag i G16-klassa. Dei skal i innleiande runde bryne seg på Herd, Rollon, Ørsta 1 og Godøy. Også Hasundgot stiller lag i G16-klassa, og dei skal mellom anna møte Hødd. LGFK stiller i år ikkje G16-lag.

Det einaste J16-laget frå Ytre Søre som er med i OPOS Cup er Hødd.

Gruppene er seeda. Det inneber at vi finn to-tre høgt rangerte lag i kvar gruppe, saman med nokre som på førehand er lågare rangerte.

Turneringa vert sparka i gang i slutten av februar månad.