– Dette er ein reaksjon frå islandske myndigheiter som ikkje på nokon måte står i forhold til realitetane i saka.

Slik kommenterer adm. dir. Audun Maråk i Fiskebåtredernes forbund utestenginga som fire norske fiskebåtar har fått frå å fiske lodde i Island si fiskerisone. Av dei fire som har fått lisensen for fiske ved Island inndregen for alltid, er Teigenes den einaste frå Møre og Romsdal.

Årsak til inndraginga er at dei fire båtane hadde eit litt større kvantum om bord enn det dei melde inn under loddefisket ved Island for to år sidan. Ifylgje Maråk var det tale om mindre feilrapporteringar på frå 10-12 og opp til 17-18 prosent.

– Teigenes var i det låge skiktet, kan Maråk stadfeste.

Dei andre er etter det vi har grunn til å tru båtar frå Hordaland.

Med karakteristikken overreaksjon siktar Maråk til at det er vanskeleg for båtane å vite eksakt kor mykje dei har fått om bord før innmelding av ein fangst. Av norske myndigheiter blir difor 10-12 prosent sett på som ein akseptert feilmargin.

– Ein typisk reaksjon på tilsvarande i Norge er ei åtvaring, og i verste fall ei bot til skipper, seier han.

Ufatteleg

Det er ikkje berre reaksjonen i seg sjølv Maråk ser på som uforståeleg streng. Han finn det også ufatteleg at reaksjonen kjem så langt i ettertid av episodane som båtane blir straffa for. Likevel er det ikkje noko nytt at reaksjonar kan kome langt i ettertid.

Dialog med Island

For Fiskebåtredernes forbund har utestenginga av dei fire båtane blitt ei prioritert sak. Maråk seier at målet er å finne ei løysing som kan aksepterast. Forbundet har allereie oppretta dialog med islandske myndigheiter, og det er også avtala eit nært føreståande møte med Nærings- og fiskeridepartementet om saka.

– Vi har ikkje fått noko endeleg avgjerd i saka, og eg vil tru at den endelege reaksjonen kjem til å stå meir i forhold til overtredinga, seier Maråk.

Varierande

Verdien av loddefisket ved Island har vore sterkt varierande, frå opp i fire-fem millionar kroner i gode år, og ned til ingen ting dei åra fisket ikkje har vore opna.