Tareholmen vart årets 4H- klubb i Møre og Romsdal!

Tareholmen 4H frå Kvamsøya vart sist helg kåra til årets 4H-klubb i fylket.
Nyhende

Over 100 ungdomar deltok på Superhelga i 4H første helga i februar. Der vart det arrangert både styrekurs, plakettfest og fylkesårsmøte. Dei fleste deltakarane er mellom 10 og 18 år, og fekk god opplæring i det å drive organisasjonsarbeid.

På plakettfesten fekk dei medlemmane som har fullført 4H-programmet i løpet av 2018 utdelt plakett og vitnemål. Frå Tareholmen 4H fekk Tobias Ristesund Werkland og Kristoffer Kvamme plaketten, får Vestlandsnytt opplyst.

Under plakettfesten vart Tareholmen 4H utpeika til årets klubb i Møre og Romsdal. I tillegg til heder og ære, fekk klubben tildelt diplom og pokal, samt gaver til bruk på uteaktivitetar. Tareholmen 4H hadde eit aktivt år i 2018, der ein mellom anna arrangerte fylkesleir for Møre og Romsdal med 233 deltakarar.

Superhelga vart avslutta av fylkesårsmøte med 45 delegatar og 60 observatørar. 4H skal bli større, synlegare og jobbe smartare, slo årsmøtet fast.

– Vi må starte fleire klubbar og rekruttere fleire medlemer. Framleis er det mange kommunar der 4H ikkje er eit av fritidstilboda. Det må vi gjere noko med, seier Berit Fredriksen etter årsmøtet i Malmefjorden 3. februar.

– Det vert fleire spanande prosjekt framover. I 2019 startar vi opp prosjektet «4H for alle», der målet er inkludering. Vi har også fått 800.000 kr i støtte frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «Draumeplassen», der vi vil lyse ut ein konkurranse i fylket der fem lokalsamfunn kan vinne 100.000 kr og hjelp til å lage ein naturmøteplass, fortel Fredriksen og held fram:

– 4H er så bra fordi alle kan vere med! Her er ingen krav til at ein skal vere spesielt god i noko. Alle er velkomne. I tillegg er det god spreiing i alderen, slik at medlemmene lærer å ta omsyn til kvarandre og samarbeide på tvers av alder. Allereie frå ung alder lærer ein korleis ein organisasjon og eit demokrati er bygd opp. Og ikkje minst - vi knyter nye venskap både i fylket, landet og internasjonalt. No skal vi jobbe for at endå fleire blir med i 4H.

Vi gratulerer den driftige gjengen i Tareholmen 4H med utmerkinga!