FineFish er ny generalsponsor for HerøyLAN. Det er kjærkome ettersom dei i år …

Satsar endå høgare

Med eit solid bidrag frå FineFish er HerøyLAN-gjengen no klar for å tangere fjorårets arrangement-rekord, og skru tilbodet endå eit hakk opp.

Ny spon­sor: Med nok ein spon­sor om bord, sig­lar HerøyLAN mot eit endå stør­re ar­ran­ge­ment i år, 17.–21. april. F.v. Dag­leg leiar/ pro­sjekt­lei­ar Jon Chris­ti­an Ul­van, sty­re­lei­ar Carl-Hen­rik Mol­tu­myr, CEO i FineFish Ole Sande, PR an­svar­leg Thomas Tar­berg og be­vert­nings­an­svar­leg Mathias Dyb­vik. Foto: HerøyLAN  Foto: HerøyLAN

Nyhende

I førre veke kom nyheita om at FineFish no går inn som generalsponsor for HerøyLAN, noko gjengen bak det store ungdomsarrangementet er svært glade for.

– Dette betyr masse for HerøyLAN! Det gir større økonomisk spelerom til å utføre satsinga og veksten som vi ønskjer, seier Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, styreleiar, til Vestlandsnytt.

– Får føle meistring

Ole Sande, administrerande direktør i FineFish, forklarar at han vel å støtte arrangementet av heilt enkle prinsipp.

– Det er ikkje berre nokre «bustete bakhaud» som sit og spelar data. Dei har blitt ein av Sunnmøre sine største samlingsplassar for alle. Her kan ungdom som kanskje har det litt vanskeleg eller ikkje er mest populære på skulen få utfalde seg og føle meistring. Det kan i neste rekke ha snudd og folk får meir sjølvtillit og tør meir enn før, seier han og held fram:

– På LAN møtast ungdommen fysisk. Dei spelar saman som lag og lærer korleis det fungerer. Dei som er med crewet får eit unikt innblikk i korleis ein stor organisasjon faktisk fungerer og kan plutseleg kome på døra og søkje jobb i ei Herøy bedrift med god kunnskap og erfaring.

Sande håpar at fleire får opp augo for denne gjengen og det frivillige arbeidet som blir lagt ned.

– For dette er verkeleg ei god sak!

Utvidar – og e-sport satsing

Moltumyr kan elle opplyse om at årets arrangement blir endå større enn i fjor.

– Vi skal i år utvide til 200 LAN-plassar og ha større scenerigg. Alt blir stort sett større, så FineFish kjem med eit kjærkome bidrag.

Carl-Henrik fortel at årets påmelding no har starta og at mannskapet er langt kome i planlegginga så langt.

– I tillegg til aktivitetar som vi har hatt tidlegare som bumper-balls, paintball og bading, skal vi i år ha ei betydeleg satsing på E-sport. Vi skal rigge opp ein profesjonell scenerigg med alt av det beste utstyret slik at for eksempel våre CS-compoar (konkurranse i dataspelet Counter Strike red.mrk.) blir køyrt på same måte som på dei største e-sport arrangementa rundt omkring.