Mimreutstilling i Gjerdsvika

Johan Moltu er initiativtakar for å skipe til ei særeigen bygdesamling i Gjerdsvika denne vinteren.
Nyhende

(INNSENDT)

Det gjeld ein mimredag der ein kan møtast til prat og program, og med utstilling av ting vi laga på handgjerning og sløyd dei åra vi gjekk i storskulen. Vi ynskjer særleg å minnast dei to lærarane som reiste rundt i alle skulekrinsane i Sande kommune gjennom nærare 30 år, Margit Roth Rønnestad og Bernt Stokkenes.

Johan Moltu og klassekameratane har fylt 70 år og er langt inne i mimre-stadiet. Vi erkjenner at vi hadde ein god oppvekst i den vesle bygda vår, etter slik som tilhøva var i etterkrigs-Noreg. Ein røynd skulemann som var elev 10 år tidlegare er også med i planlegginga.

Mykje av det vi hugsar som naturleg og meiningsfullt i barneåra, er no gammal fortid. Men i kister og skuffer og krokar finst der nok fine sjølvlaga ting frå folke- skulen, og desse vil vi gjerne vise fram. Vi innbyd alle interesserte til å vere saman med oss på Fredtun i Gjerdsvika denne dagen, til å pratast og dele minne, og gjerne beundre alle dei nøyaktige detaljane i det vi fekk hjelp til å lage.

Av praktiske grunnar bed vi om at vi får inn desse gjenstandane dagen før, fredag 15. mars på kveldstid, slik at vi kan ordne det klart til laurdag 16. mars.

Etter opninga av utstillinga laurdag ettermiddag har dei frammøtte eit par timar på seg til å sjå, prate, kjøpe litt mat og drikke, glede seg over gamle bilde, og gjerne ta litt lodd. Deretter vert det ei stund med program, der vi også får lære meir om desse to som kom og underviste oss nokre veker kvart skuleår. Denne ordninga varde fram til Ungdomsskulen vart innført, med nye og endra læreplanar, også for praktiske fag.

Vi ser fram til ein triveleg dag, og alle er velkomne til denne samlinga, om ei tid som var, i eit bygdesamfunn som var annleis, men som danna grunnlag for mykje av det som har vakse fram seinare.