Desse går vidare frå UKM i Herøy

Juryen har bestemt seg for å sende vidare tre sceneinnslag frå UKM i Herøy. Dei skal delta på fylkesfestivalen i Kristiansund 3. – 5. mai 2019
Nyhende

Juryen hadde ei vanskeleg oppgåve, men har kome fram til tre innslag som skal vidare. Una Myren går vidare med song og pianospel. Vidare går også duettinnslaget til Thomas Frekøy Skeide og Celina Frøystad. Frøystad går også vidare med innslaget ho gjorde saman med Sigve Storøy Hermansen.


Sjå vår store bildeserie frå UKM i Herøy

Laurdag stod Herøy-ungdom for ei flott UKM-lokalmønstring på Fosnavåg konserthus. Under kan du sjå vår store bildeserie frå arrangementet.

 

Juryen minner elles om at aldersgrensa for å gå vidare er 13 år.


Alexander øvde i fleire månadar før han deltok i UKM på laurdag

Laurdag ettermiddag var det UKM i Herøy. Deltakarar vi prata med kosa seg stort med å delta. Dei utelukkar heller ikkje at dei vil gjere det igjen.