Den nye kystdirektøren er på plass

Den nye kystdirektøren, Einar Vik Arset, har no fungert i stillinga i ei veke. No ser han fram til å vere med på å utvikle den norske kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Kystdirektør Einar Vik Arset   Foto: Kystverket

Nyhende

Arset er 42 år og kjem frå stillinga som rådmann i Ulstein kommune. Han er utdanna cand.merc. frå Norges Handelshøyskole med spesialisering i strategi, organisasjon og leiing. Måndag 4. februar hadde Einar Vik Arset sin første dag som øvste leiar i Kystverket.

– Eg er imponert over entusiasmen og kompetansen i Kystverket. Eg ser fram til å lære mykje nytt, og vil bidra så godt eg kan for at å løfte oss vidare, seier Vik Arset i ei pressemelding frå kystverket.

– Viktig samfunnsoppdrag

– Kystverket har eit viktig samfunnsoppdrag, både som forvaltingsaktør og som ein progressiv tenesteytar til brukarane. Samtidig må vi behalde eit sterkt fokus på den operative delen av etaten, med sjøtrafikksentralar, losteneste, utbetring og utvikling av maritim infrastruktur og beredskapen mot akutt forureining, understrekar kystdirektøren.

Han ser elles fram til konstruktivt samarbeid med eksterne aktørar, både næringslivet, organisasjonar som Kystrederiene, Rederiforbundet, NHO, hamnene og det offentlege.