Arnulf Goksøyr vil sette Solparken på vent i lang tid

Ordføraren i Herøy meiner solpark-prosjektet i Fosnavåg vil vere eit prosjekt som i kost/nytte-samanheng skaper fleire utfordringar enn det løyser.

Arn­ulf Goks­øyr: Ord­fø­ra­ren mei­ner pris­lap­pen på ca. 26 mil­li­o­nar kro­ner gjer Sol­par­ken i Fos­na­våg til ei ufor­nuf­tig in­ves­te­ring. I alle fall i den si­tua­sjo­nen Her­øy kom­mu­ne står i på no­ve­ran­de tids­punkt. (ar­kiv­fo­to: bjørn­ar torv­holm sæ­vik)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

For ei veke sidan blei det kjent at Herøy kommune har bestemt seg for å sette Solparken på vent. Årsaka var manglande finansiering, då den einaste tilbydaren kom med eit tilbod som var betydeleg høgare enn det kommunen har sett av pengar til. Kommunen varsla då at dei ville sjå på kva som kan endrast for å få solparken realisert innanfor vedteke budsjett.