Personvernlov gjer at kyrkja ikkje kan invitere til dåp som før: - Eit hinder for servicen

På grunn av EU sitt regelverk knytt til personvern, kjent som GDPR, får ikkje kyrkja invitere nybakte småbarnsfamiliar til dåp på same måte som før. No må ein sjølv oppsøke kyrkja.

Illustrasjonsfoto frå Herøy kyrkje. Her ser vi Hanne Monsen Rolvsjord og Sindre Rolvsjord få døypt vesle Lilly av sokneprest Bjørn Leinebø. Storebror til Lilly Rolvsjord er Jonas Rolvsjord.   Foto: Privat

Nyhende

Den norske kyrkja i Søre Sunnmøre prosti gjekk denne veka ut med ei pressemelding. I den går det fram at det no har skjedd ei vesentleg endring i forbinding med invitasjon til dåpen i Den norske kyrkja, noko dei gjerne vil informere sine brukarar om.