Pangstart for «nye» Evotec

Evotek har sikra seg fleire nye ordrar etter utfasinga frå Kongsberg.

VINSJAR: Til PGS skal Evotec mellom anna levere to hivkompenserte vinsjar med spolesystem til eit prosjekt som skal gå føre seg i Mexicogulfen denne sommaren. 

Nyhende

– Vi har fått ein pangstart, seier sals- og marknadssjef Torkjell Ringstad.

Mellom anna skal Evotek levere komplett hanteringssystem til PGS for eit prosjekt som skal gå føre seg i Mexicogulfen no til sommaren.

I tillegg held selskapet i desse dagar på med å ferdigstille ei betalt forstudie på offshore oppdrettsanlegg, samt to nye skiddingsystem til eit offshorefartøy som også skal leverast til våren.

– Vi er audmjuke i forhold til konkurransen vi no er i, og vi kan love at vi skal vere like raske i vår respons, slik vi alle tider har gjort, seier Ringstad.

Evotec har akkurat levert eit fullt bakdekk til Havyard Leirvik sin pelagiske trålar, og er i ferd med å ferdigstille to komplette handteringssystem til eit koreansk forskingsfartøy. Levering av eit avansert og fullautomatisk nodesystem til seismiske botnundersøkingar er òg nært føreståande.

Treng meir folk

Ringstad fortel at bedrifta også fleire folk. I desse dagar søkjer dei difor etter både ingeniørar, serviceingeniørar og seljarar.