Legg ned etikkutvalet

Etikkutvalet måtte legge ned si verksemd etter kommunestyremøtet førre veke.

Jens Ter­je Johnsen: Ap-po­li­ti­ka­ren har leia etikk­ut­va­let. Han fø­ler dei fekk løn for stre­vet då po­li­ti­ka­ra­ne tak­ka for inn­sat­sen. Dei får der­imot ik­kje hal­de fram. (ar­kiv­bil­de: end­re vor­ren)  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Gjennom 2018 har Herøy kommunestyre sett av tid til «alternative aktivitetar» på slutten av møta sine. Førre veke var det tid for å summere opp utvalets rolle.

Leiaren for utvalet, Jens Terje Johnsen (Ap), kom med eit framlegg om at utvalet gjerne ville halde fram om kommunestyret ønskja det. Men kommunestyret såg ikkje noko nytte for det.

– Eg meiner dette blir for mykje. Vi kan ikkje ha eit utval over ordføraren som skal bestemme kva vi skal seie, meinte Idar Tarberg (H).

Posisjonspartia (H, KrF, Frp) signaliserte også tidleg at dei ikkje ville støtte framlegget, og utvalet måtte derfor trekke til side. Kommunestyret beheldt likevel eit vedtak om at etikkutvalet kan bli gitt fleire oppgåver seinare.

Svein Gjelseth (Ap) var stolt over jobben deira representant har gjort, men meiner utvalet ikkje har fått plassen som var tiltenkt.

– Dei har ikkje fått utføre mandatet dei blei gitt. Ofte har etikken kome på slutten av møtet, og eg veit ikkje om alle har vore med eingong, sa Gjelseth.