Herøy Frp satsar både ungt og erfarent i spissen:

Karl-Oskar Sævik (23) vil bli ordførar i Herøy

Onsdag kveld var Herøy Frp si nominasjonsliste for kommunevalet 2019 klar. Med seg har dei fleire erfarne kommunepolitikarar, men fremst i spissen har dei valt å sette 23 år gamle Karl-Oskar Sævik som ordførarkandidat.

Om innbyggarane i Herøy ynskjer meg som ordførar, så skal eg gjere jobben.

Karl-Oskar Sævik
Nyhende

– I år er vi faktisk 18 på lista til Herøy Frp. Eg trur ikkje vi har hatt så mange på lista før, så dette er svært gledeleg, seier Thor-Sigmund Garvik, då vi møter nokre av Fremskrittspartiet i Herøy sine listekandidatar, rett etter nominasjonsmøtet onsdag kveld.