Handballdamene i toppkamp

Nyhende

Damelaget til Bergsøy skal denne helga ut i to bortekampar. Begge to i Molde. Laurdag møter dei Træff, som er plassert på ein fin 4.-plass så langt. Men Bergsøy er nok å rekne som favorittar.

Søndag er det klart toppkampen mellom Molde 2 og Bergsøy. Våre lokale handballdamer er to poeng bak moldensarane, og har i tillegg spela ein kamp meir. Dermed må nok Aukse Aglinskiene sine jenter vinne søndagens kamp om opprykk tilbake til 2. divisjon skal vere mogleg. Men Bergsøy slit fælt med skader for tida.