– Dette opplegget har vi hatt nokre år no, og som oftast har det klaffa, seier skipper og båteigar Helge Remøy.

Heilt på tampen

Då vi ringde Remøy-sjarken onsdag var karane i full gang med ei av vinterens siste dragingar der nordpå. Kanskje blei det den aller siste også. Remøy fortel at i påvente av ei avklaring om kvoteutviding har dei ikkje tidfesta returen heilt enda.

– Vi kan ikkje fiske opp heile kvoten, men må sette igjen litt så vi har til bifangst seinare i vinter, seier den driftige Remøy-fiskaren med mange vintrar bak seg oppe i det torskerike nord.

Men uansett vil det ikkje ta mange dagane før dei er heime igjen etter det som må kunne kallast ein særs velluka finnmarkstur.

Remøy fortel at dei har vore ein del plaga med både kulde og vind, og det er ikkje kvar dag dei har hatt forhold til å gå på havet.

– Men dei dagane vi har hatt vêr, har vi fått bra med fisk.

Avslutta med stil

Også denne dagen teikna til å bli veldig bra. Med tjue garn igjen å drage, av ei setning på til saman seksti, hadde Vestfisk allereie fått 7-8 tonn om bord då vi hadde praten. Då ville dei mangle berre 12-15 tonn på full kvote.

– Med det vi har fått om bord til no i dag, kjem vi til å passere 135 tonn, fortel Remøy.

Startar tidleg

Allereie 3. januar sette Remøy-sjarken kursen nordover slik dei har hatt for vane å gjere siste åra. Remøy fortel at dei starta i Kvænangen medan silda stod i fjordane der. Men mesteparten av tida har dei halde seg på Lopphavet over grensa til Finnmark.

– Tidlegare var også vi mange år i Vesterålen ilag med dei andre. Så blei det Senja, og etter kvart enda lenger nord. Det har litt å gjere med at silda har flytta seg stadig lenger nordover, seier Remøy.

Prisen som gjer det

Godt med fisk, med andre ord, og prisane er hyggelege dei også. Remøy fortel at prisen i år starta på 35 kroner kiloen for kappa fisk, for så å minke med eit par-tre kroner etter at den verste hungeren etter fisk hadde lagt seg.

– Prisen er best heilt i starten på januar, og eigentleg er det det som gjer at vi vel å gå nordover så tidleg, forklarar Remøy.

Dette betyr fleire kroner meir for kiloen enn båtane kan oppnå her i sør, og slikt blir det pengar av når kvotane er så store som i Vestfisk sitt tilfelle.

Til og med onsdag hadde han altså teke om lag 135 tonn av ei kvote på 150 tonn rund fisk. Det vil seie det same som at på fire veker har Remøy-sjarken fiska torsk for ikkje langt unna tre millionar kroner.

Ventar på avklaring

Remøy seier at med berre femten tonn igjen av kvoten, burde dei ha slutta av no slik at dei kan ha noko igjen til bifangst under seifisket som båten skal over på etter at dei er komne heim. Det er snakk om at torskekvoten kan bli utvida med ti prosent, som for Vestfisk sin del betyr eit tillegg på 15 tonn.

– Spørsmålet er kor fort avklaringa kan kome. Utan eit snarleg svar blir det nok til at vi satsar på å greie resten av torsken saman med seien.

Remøy seier han har lite lyst til å ta enda ein tur nordover for å sette eit endeleg punktum for sesongen.

Dei fleste vil gå

Resten av sjarkflåten er no i full gang med det heimlege seifisket, men det er venta at ein etter ein kjem dei til å kurse på nord etter kvart som dagane går.

I fjor var det eit trettitals båtar frå Herøy og Sande som valde å ta den lange turen til Lofoten, og vidare nordover, for å sikre seg torskekvoten.

– Eg reknar med at dei fleste vil gjere det same i år, seier Remøy.