Full klaff for Vestfisk etter fire veker i nord

Vestfisk er ikkje som alle andre herøysjarkar, og tek torskekvoten sin før dei startar på seien. Dette klaffa i år også.

SNART FERDIG: I løpet av få dagar vil Vestfisk vere heime igjen etter fire gode torskeveker i Troms og Finnmark. Med stor kvote og gode prisar har sjarken allereie fiska for ikkje langt unna tre millionar kroner i det nye året. 

Nyhende

– Dette opplegget har vi hatt nokre år no, og som oftast har det klaffa, seier skipper og båteigar Helge Remøy.