Får tilskot frå næringsfondet

Nyhende

Komite for næring, kultur og idrett i Herøy har vedteke å gi Are Pilskog inntil 60.000 kroner i tilskot til utvikling av prototype for automatisert naturfilmsystem. Vidare fekk Vågsholmen utvikling ei løyving på 1,5 mill. kroner frå RDA-midlane, og for det tredje gav utvalet ein underskotsgaranti på 15.000 kroner til Herøy janitsjar sin vårkonsert i konserthuset.