Leiar:

Ein farleg arena for dei unge

Styresmakter og politi går stadig vekk ut i media og oppmodar oss vaksne til å setje oss inn i korleis born og ungdom opererer på internett. Sosiale medier og spel har dei seinare åra teke stadig meir av tida til dei unge. Dette kan vere ein farleg og potensielt skadeleg arena, ikkje minst for dei unge.

Illustrasjon:  Foto: Pixabay

Nyhende

Ein rapport frå barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (bufdir) i 2018 har ein del interessante fakta om mediebruken mellom born og ungdom. 9-15-åringar brukar i gjennomsnitt to timar på internett kvar dag. Dei unge er også meir heime enn før. Den sosiale kontakten mellom dei unge føregår i dag i langt sterkare grad på nett enn tidlegare.

Bufdir rapporterer at det ofte er usemje mellom born og foreldre om kor mykje tid dei unge får/kan bruke på nett. Klassisk er det elles at medan jenter brukar mest tid på sosiale medier, går det ofte mest på speling gutane imellom. Har du eller ditt barn avklart for kor mykje ein kan spele eller vere på nett?

Og: Ofte ser vi også at vi foreldre gjerne er dårlege rollemodellar, og kan skjenne på dei unge sin nettbruk, medan vi sjølve sit med nasen ned i mobilen.

Nesten alle mellom 9 og 16 år har i dag eigen smarttelefon. Ikkje noko gale i det, men det er bruken av slike som kan skape utfordringar. Mobbing via mobiltelefon og nett er dessverre mykje utbreidd. Det same er spreiing av nakenbilde og seksuelle kommentarar. Gjennom bildedelings- og chattetenester vert born og ungdom langt meir eksponerte enn tidlegare. Eit bilde som i utgangspunktet er meint til kjærasten, kan brått ende «over heile landet».

Dette er litt av utfordringane for born, ungdom og føresette i dag. Ta praten med dei unge om temaet. Spel på lag, set opp køyrereglar. Nettet kan gje masse flotte moglegheiter, men er på same vis ein svært farleg arena.