Caroline Frantzen Aklestad er ny i Vestlandsnytt

Vestlandsnytt sin nye marknadskonsulent er på plass.
Nyhende

Nyleg tok Caroline Frantzen Aklestad til i jobben som marknadskonsulent i Vestlandsnytt. Ho har erstatta Frode Hammerseth, som har søkt nye utfordringar i ei stilling i Herøy kommune.

– Eg har allereie fått ein god velkomst, både i Vestlandsnytt og mellom dei kundane eg har snakka med til no, smiler vår nye marknadskonsulent.

Kjenner avisa frå før ...

24-åringen frå Fosnavåg er faktisk eit kjent fjes i Vestlandsnytt sine lokale. Som 14-åring hadde ho sin første jobb i avisa, og i fleire år var Caroline fast sommarvikar på kontoret ho no har fast tilhald i.

– Eg er nærast oppvaksen i avisa sine lokale, og har eit brennande engasjement og ønskje om å bidra på positivt vis i den vidare utviklinga av lokalavisa, seier Caroline.

Den «ekstra gløden» skriv seg tydeleg frå det faktum at ho er yngste dotter til Britt-Helen og Fred Frantzen, som tidlegare eigde og dreiv avisa.

– For meg er det fint å sjå at Vestlandsnytt no har teke steget over i den digitale verda, med dei mange moglegheitene som finst her. Min jobb er å selje Vestlandsnytt sine produkt, både på papir og digitale plattformer. Ein viktig del av jobben vert å synleggjere heile pakken av produkt vi kan nå ut til kundane med. Ikkje minst gjennom nettavisa, som fleire og fleire har fått augo opp for, seier Caroline i ein kommentar.

Medium og kommunikasjon

Den nye marknadskonsulenten har bachelorutdanning i faget kommunikasjon og medium ved NLA Mediehøyskolen i Kristiansand. Etter at ho flytta heim til Herøy har ho mellom anna vore seljar i Tussa. No er ho på eit vis endå meir «heime» igjen.

– Det å få vere med i vidareutviklinga av Vestlandsnytt har vore eit ynskje frå mi side i mange år. Når dette no er realitet, ser eg fram til å gripe fatt i dei mange og varierte oppgåvene som står for døra. Eg håpar og trur det vert eit godt samarbeid med kundane i primærområdet vårt, Herøy og Sande, men også endå vidare utover, avsluttar Caroline Frantzen Aklestad.