Bergsøy klare for ny kamp på heimebane, håper herøyværingane møter opp:

– Vi går for førsteplassen

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt håper på trykk i Herøyhallen når Bergsøy tek imot Nøtterøy 2 laurdag. No vil Bergsøy-sjefen til topps på tabellen også.

Bergs­øy-Bæk­ke­la­get: He­røy­hal­len var heilt full då Bergs­øy møt­te eli­te­se­rie­la­get Bæk­ke­la­get til cup­kamp i september. No hå­per tre­na­ren for Bergs­øy-her­ra­ne at folk mø­ter opp på dei av­gje­ran­de hei­me­kam­pa­ne i opp­rykks­kam­pen. (Ar­kiv­fo­to: Bjørn­ar t. Sæ­vik)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi er faktisk i ein god posisjon til å kjempe om opprykk til det nest øvste nivået i Norge.

Thomas Buchardt
Nyhende

Buchardt fortel at han kan velje frå ein skadefri tropp når Nøtterøy 2 besøker Herøyhallen laurdag. Førre kamp mellom laga i Vestfold enda med ein solid 36-28-siger for herøyværingane. Og Buchardt er sterk i trua før laurdagens kamp.