Laurdag er herøyungdomen klare for å imponere publikum på Fosnavåg konserthus:

– Nervane går i bølger

I alt 40 ungdommar samlar seg på Fosnavåg konserthus for å delta i årets UKM i Herøy på laurdag.
Nyhende

Vi møter dei fleste av deltakarane denne veka på eit informasjonsmøte for å ta temperaturen blant ungdomen. Her er det mange spente kulturspirar. Deltakarane på årets mønstring i Herøy fordelar seg på til saman 16 sceneinnslag, ein film, to utstillarar, fire konferansierar og til slutt fire arrangørar.

– Det er veldig kjekt at vi, som vanleg, har eit spennande program med masse flink ungdom. Eg vil oppmode alle om å ta turen, spesielt ungdom som kanskje er nysgjerrige på arrangementet. Dette blir knallbra, seier Mona Grethe Ryssevik, UKM-ansvarleg i Herøy.

Skal spele teater

Blant sceneinnslaga kan det i år seiast å vere litt større breidde enn det ein har sett tidlegare. I tillegg til dans og musikk, kan årets program skilte med ein type innslag som over lengre tid har vore fråverande i UKM lokalt i Herøy, nemleg teater.

På informasjonsmøtet møter gruppa vi bak eit av dei to teaterinnslaga, dramagruppa frå Herøy kulturskule. Gruppa har sju medlemmar som er mellom 12 og 17 år. Dei blei i starten av januar utfordra av dramalæraren deira, Melissa Nerland.

– Då fekk eg eit unisont ja, smiler Nerland.

– Tek opp viktig tema

– Teaterstykke er basert på eit stykke skrive av ein tidlegare elev. Vi har gjort litt om på det, og gitt det vår eigen vri, forklarar ein av skodespelarane, Astri Berge (13). Ho har elles vore med i UKM før, då med song.

Gruppa har øvd på teaterstykke sida etter jul, så dei har hatt det ganske travelt i dramatimane.

– Vi er 99, 5 prosent klar, slår Michelle Leine (14) fast.

Tematikken for framsyninga er også noko dei har valt sjølve.

– Vi har valt å sette fokus på eit tema som er viktig for oss, nemleg mobbing. Vi har eit bodskap om at folk, uansett om du er gut eller jente, må lære seg å seie ifrå om nokon blir mobba. Kanskje finn du då også ut kor kul mobbeofferet eigentleg er, forklarar gjengen. Sjølve handlinga vil dei ikkje røpe i detalj.

– Nervane går opp og ned

Dei sju ungdommane er elles smånervøse før helga.

– Nervane går litt opp og ned. Dei går i bølger. Men vi kan berre tenke på at publikum ikkje kjem til å merke det om vi gjer feil. Det er det truleg berre vi som merkar, avsluttar dei.