Åsted Norge granskar Flusund-brannen: Dei etterlatne treng svar

TV2-programmet Åsted Norge kjem til Herøy for å granske den tragiske Flusund-brannen, der fire ungdomar omkom i desember 2008.

Så lenge du veit at du kan gjere noko meir, så slepp det ikkje taket.

Paul H. Voldsund
Nyhende

(Innsendt)

Det var Marius Voldsund (20), Kelly Nerland Remøy (22), Kamilla Grimstad (17) og Steffen Myklebusthaug (22) som omkom i husbrannen på Flusund den 14. desember 2008.

Paul H. Voldsund, far til Marius, var på jobb i Brasil då han fekk den grufulle meldinga. Eit søskenbarn tok kontakt via callingen i båten med bodskap om at det hadde vore ein brann på Leinøya. Seinare sjekka Paul opp hendinga på nettet og fann ut at det var i Flusund brannen var – og at sonen hans var ein av dei omkomne. Sidan den gong, har julemånaden vore ei heilt forferdeleg månad for Paul.

Marius hadde bursdag 1. desember, omkom 14. desember og vart gravlagd vesle julaftan.

Fekk meldinga på sjø

Ni månadar etter hendinga, fekk Paul ein telefon om at gjenstandar vart fjerna frå huset. Han ringde deretter til lensmannen i Herøy og Sande og spurde om det var sant. Lensmannen stadfesta dette. Sidan den dagen, har ikkje Paul vore i tvil om at brannen ikkje var ei ulukke.

I mai 2013 innrømma Sunnmøre politidistrikt at etterforskinga har vore svært mangelfull, og dei beklaga overfor dei pårørande.

Sjølv ti år etter hendinga, har ikkje Paul greidd å slå seg til ro med at dette er ei ulykke. Derfor har han sjølv kontakta Åsted Noreg for å få bistand i saka.

– Det er noko vi har gått og tenkt på i vel ti år no, meir og meir … Så lenge du veit at du kan gjere noko meir, så slepp det ikkje taket.

Stoler ikkje på politiet

Den dag i dag, har Paul Helge framleis ikkje tillit til politiet. Årsaka er alle svakheitene i etterforskinga av brannen. Det er kjent at politiet skjulte dokument for dei etterlatne. I tillegg kom Kripos altfor seint inn i bildet, og då dei gjorde det, var det på den taktiske, men ikkje tekniske delen av etterforskinga. Derfor vart det ikkje gjort tilstrekkeleg sikring av gjenstandar, bevis og DNA-testing.

Vestladnytt har fått stadfesta av at dette er ei sak som Åsted Norge ser på.