Årlege tilskot til Herøyspelet

Nyhende

Herøyspelet mellom dei tilgodesette då kultur- og folkehelseutvalet i fylket denne veka fordelte tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement. Av utvalet sin totale pott på 605.000 kroner fekk Herøyspelet 150.000 kroner som eit årleg tilskot i tre år framover. Dei andre som fekk var Giskespelet, Fru Guri (Smøla) og Lady Arbuthnot (Jazzåteatret). Dessutan har kulturfestivalen Åram PLUSS fått tildelt eit eittårig tilskot på 50.000 kroner.