– Vi ser at erfaring og tilbakemeldingar har vore gode dei åra vi har halde på, og registrerer med glede at dette også ber frukter, seier dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor i Sandsøy Servicebåt.

Selskapet vart skipa i kjølvatnet av salet av Bringsvor Laks, og eig i dag fire båtar. Av desse er tre relativt nye servicebåtar som hovudsakleg tenestegjer i havbruksnæringa.

Auka behov gav handling

Siste skotet på stammen er SAS Orion, som heretter får namnet Orion, og vil gå i fast teneste for ein større kunde.

– I år har vi sikra oss nye avtalar på service til oppdrettsnæringa, og vi måtte difor ta grep. Ordreinngangen kom brått på, og vi hadde ikkje tid til å kontrahere nybygg. Då moglegheita for å kjøpe Orion dukka opp, handla vi, seier Bringsvor til Vestlandsnytt.

Han omtalar to år gamle Orion som ein moderne service-katamaran med gode kapasitetar. Ein båt som står fram i god stand, og som vil dekke behovet for den ekspanderande verksemda.

Bringsvor nyttar høvet til å rose Sparebank 1 Søre Sunnmøre for å ha god tru på det Sandsøy-reiarlaget styrer med, og i samband med finansieringa.

Oppdrett og maritim sektor

– Ekspanderinga gjer at vi har endå eit godt verktøy å hjelpe oss med, og vi kjem til å halde fram med å levere service til eksisterande kundar. Samstundes har vi også plass til nye kundar, varslar Bringsvor.

Med dette har Sandsøy Servicebåt tre moderne båtar. Selskapet utfører det meste av tenester knytt både til oppdrettsnæringa og annan maritim sektor. På oppdragslista står også arbeidsdykking.

– Vi er no 14 tilsette, medrekna ekstrahjelparar. No vurderer vi dessutan å tilsette ein automatikar knytt til ROV-avdelinga, samt ein ny driftsleiar, legg Bringsvor til.

Selskapet har sin landsbase på Sandsøya, med både mekanikar og alt-mogleg-mann. Her er det planar om ei utviding, hovudsakleg knytt til ønskje om auka lagerkapasitet.

– Det er ingen planar om «utflagging». Tvert imot vil vi no konsolidere stillinga og etter kvart sikte oss inn mot ytterlegare auka, seier Aksel Ivan Bringsvor.