Desse er vidare frå UKM i Sande!

Juryen har no bestemt kven som går vidare til fylkesfestivalen i Kristiansund 3. - 5. mai 2019.
Nyhende

Det var mange som viste stort talent då Sande arrangerte UKM på laurdag, og det har nok ikkje vore enkelt for juryen å plukke ut kven som skal ta seg vidare til fylkesfestivalen i Kristiansund.

Sjå vår bildeserie frå UKM i Sande (For abonnentar)

Jenny Gjerde Sætre, Dina Støylen Ristesund og Ida Kristine Skrede Halle går videre etter imponerande prestasjonar på scena.

Hallvard Worren Hauge, Jasmin Evert og Amalie Voldnes er vidare med sine kunstutstillingar.

I tillegg er desse nominert

Når det gjeld rollene som arrangør, nettredaksjon og konferansier så blir deltakarane nominerte av kommunane. Men det er til slutt hovudarrangørane for fylkesfestivalen som gjer eit utval basert på nominasjonane som kommunane sender inn.

Frå Sande kommune blir konferansierane Christina S. Beitveit og Viola Andersson nominert, samt arrangørane Mikael Rovde og Olav Beitveit. Det samme blir Victoria Myklebust og Maia Kvalen, som var med i nettredaksjonen.