Set solparken på vent

Nyhende

Herøy kommune har avlyst tilbodskonkurransen for Solparken i Fosnavåg. Årsaka er manglande finansiering, i tillegg til at berre ein tilbydar hadde meldt seg då fristen gjekk ut. Dette tilbodet var betydeleg høgare enn kommunen har sett av pengar til. Kommunen vil sjå på kva som må endrast for at prosjektet skal kunne realiserast innanfor vedteke budsjett. Etter det skal saka leggast fram igjen for formannskapet.