Sanco vil byggje pir i Gjerdsvika

Nyhende

Aurvoll & Furesund As søkjer – på vegner av Sanco As – om løyve til å byggje ein pir på gnr. 5 bnr. 10 i Gjerdsvika.

Piren/moloen kjem på enden av verksemda si kai. Søknaden er i tråd med eksisterande reguleringsplan. I samband med hamneutbygginga ligg tiltaket inne som eit opsjonsarbeid, og området er avklart med tanke på ureining og grunnforhold.