Nesten fullt konserthus: Tolvtetten i funky stil!

Laurdag leverte koret Tolvtetten, med band og blåsarar, eit forrykande show. Med funky musikk blei det god stemning til om lag fullt hus i Fosnavåg Konserthus.
Nyhende

Bodskap frå koret til publikum

Konserten opna med ein medley med klassikarar, og dermed var stemninga sett. Under første duett, «Can’t take my eyes off of you» kunne Bjørn Holum fortelje publikum at denne kvelden hadde dei berre ein bodskap til publikum: «I LOVE YOU BABY!». Publikum er med på å synge på mange kjende favorittar, men fekk også oppleve å høyre fleire meir ukjende perler frå funkymusikken sitt univers. I løpet av den to timar lange konserten fekk vi høyre musikk frå blant anna Stevie Wonder, Whitney Houston, Earth Wind and Fire, Steely Dan, Toto og Michael Jackson.