Negativ til cateringverksemd i bustadområde

Rådmannen tilrår maritim og teknisk komite til å ikkje gi dispensasjon for cateringverksemd i bustadområde på Kvalsund.

RÅDMANN KOPPERSTAD: Rådmannen vil ikkje gi dispensasjon til cateringverksemd.  Foto: Lars Inge Skrede

Nyhende

Maritim og teknisk komite (MTK) får komande måndag ei betent sak på bordet. Saka skriv seg tilbake til sommaren 2018 då Huseyin Kadir Dikbas etablerte gatekjøken i privat bustad/garasje på Nerlandsøya.