Jobbar for toppfotballag for kvinner på Sunnmøre

Sunnmøre fotballkrets kjem på besøk til Bergsøy neste veke for å diskutere toppfotballsatsing.

jen­te­fot­ball: Bergs­øy er blant klub­ba­ne som sat­sar stort på jen­te­fot­ball. ar­kiv­bil­de 

Nyhende

Sunnmøre fotballkrets og FK Fortuna har byrja på eit prosjekt der målet er å få toppfotball for kvinner til Sunnmøre innan 2023, skriv kretsen i ei pressemelding.

Som eit ledd i prosjektet, skal kretsen ut og diskutere satsinga med klubbane. Onsdag 13. februar tek dei turen til Bergsøy sitt klubbhus på Havila Stadion.

Målsettinga er å skape eit sunnmørsk toppfotball-eventyr som skal vere tufta på solid toppklubb-drift, svært god spelarutvikling og eit breitt klubbsamarbeid og utvikling av jentefotballen på Sunnmøre.

Spesielt det siste punktet vil bli via god tid under møta med klubbane, heiter det vidare.

Styringsgruppa i kretsen har nokre tankar om kva slike samarbeidsmodellar bør innehalde og ønskjer å drøfte dette nærmare med klubbane. Derfor oppfordrar kretsen alle klubbar som har jente/damelag om å stille på møta.

Møta vil vere opne for alle som har ei meining om jente- og/eller kvinnefotballen, og for klubbane på Søre Sunnmøre blir møtet altso i Fosnavåg onsdag 13. februar.