Vidar Kursetgjerde:

"Ja til bokbåt i Møre og Romsdal"

Det skjer ei stille avvikling av bokbåten i Møre og Romsdal. Ein bevisst strategi frå kulturbyråkratane i fylkeshuset i Molde.

Bokbåten Epos: Her ser vi bokbåten legge til kai under eit skules-besøk i Herøy i år.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Etter 106 turar og 56 års drift kan turen bokbåten la ut på den 21. januar verte den siste om fylkeskultursjef og fylkesbiblioteksjef får det som dei vil.


Bokbåten Epos på besøk for siste gang?

– Det er skikkeleg dumt om dei vil slutte med båten

3.-klassingar ved Stokksund skule var klar i talen då bokbåten la til kai i Herøy og Sande i førre veke. Dei meiner bokbåten må bestå.

 

Bokbåttenesta starta i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane i 1964 med båten Epos. Då hadde tenesta vore i drift i Hordaland sidan 1959 med forskjellige båtar. Båten Epos vart spesialbygd til denne tenesta. Sidan har båten gått utan opphald – med unntak av ein tur i 2001 etter at fylkestinget gjorde vedtak om nedlegging i 2000.

Båten er ein institusjon langs kysten og i fjordane, og tenesta har utvikla seg i takt med skiftande tider og utviklingstrekk i samfunnet. I tillegg til utlån av bøker har bokbåten ei viktig oppgåve som formidlar av levande profesjonell kultur. Også i vår digitaliserte underhaldningstid står barna forventningsfulle på kaia når båten kjem.

Tenesta har etter kvart retta tilbodet sine meir og meir mot barna. Om bord er det fokus på leselyst og leseglede. Det vert lagt vekt på å ha eit godt tilbod av nynorske barnebøker og nye aktuelle bøker for barn. Bokbåten har ei tett kontakt og samarbeid med skular og barnehagar. Skulane nyttar bokbåtbøkene som nyttig supplement til sine eigne små og uaktuelle boksamlingar. Skular og barnehagar låner ofte med seg kasser av bøker. Dette er viktige bidrag til å styrke barnehagen og skulen sitt arbeid med aktiv språkstimulering og til å etablere gode lesevanar til barna.

For barna er det eit unikt høve til møte og samtale mellom barn og profesjonelle utøvarar av kunstuttrykk som musikk, song, teikning, forteljing scenekunst, litteratur mfl. – her er forholda så små at barna etter ei førestilling har godt høve til å snakke med og spørje utøvaren.

Bokbåten Epos er unik! Det finns ein og annan «rein» bokbåt, som den i skjergarden i Stockholm som går 10 dagar i året. Men konseptet bibliotek og kulturarena med teater er denne åleine om i heile verda. Difor vekkjer Bokbåt-tenesta på Vestlandet – som ho offisielt heiter sidan dette var eit samarbeid mellom dei tre Vestlandsfylka – internasjonalt merksemd. Epos har blitt presentert på fleire internasjonale konferansar og reportasjar frå båten i utanlandske tidsskrift og media. Nett no når denne artikkelen vert skriven har båten med to tyske journalistar frå barnetidsskriftet GEOlino.

Overskrifta til denne artikkelen påstår at kulturbyråkratane i fylkeskommunen i det stille avviklar bokbåttenesta slik vi kjenner ho i dag. Eigentleg ønska dei å avslutte drifta allereie etter vårturen 2018, men 4. juni i fjor avgjorde fylkesutvalet i Møre og Romsdal at bokbåten skulle gå eitt år til i fylket. Dels er ønsket om nedlegging grunngjeve med at fylkesbiblioteket har fått endra arbeidsoppgåver, dels med at pengane som vert brukt kan brukast betre via Den kulturelle skulesekken, og dels med at Epos er for dårleg/liten. Ein konsekvens av vedtaket om vidare drift eitt år til, er at fylkesrådmannen må leggje fram ei sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer, både med og utan vidare drift av bokbåten. For oss ser det ut til at fylkesbiblioteket går inn for ei stille avvikling av bokbåttenesta utan å prøve å sjå korleis ein kan fornye og modernisere: Sidan hausten 2017 er turneen redusert frå 23 dagar til 17 dagar sjølv om avtalen med båteigar er på 23 dagar og talet på stadar som får besøk er redusert frå 76 til 55. Liggetida ved mange stopp er redusert til 1 time, noko som gjer at det vert lite tid til å låne bøker. Det er lagt opp til «skulestopp» på tidspunkt når skulane er ferdig med dagen og fleire stopp er nedlagde utan at brukarane av båten er informert. Ettermiddagsstoppa – då båten var open for barn og foreldre mellom kl. 1700 -1830 er redusert frå 16 til 4 i den turneen båten er ute på no og ingen av desse har kulturprogram. Kvifor ikkje kulturprogram på desse stoppa er også eit grep for å gjere tenesta mindre interessant. Det har i alle fall ikkje med økonomi å gjere sidan ei ekstra førestilling ikkje kostar noko meir når utøvarane har dagshonorar. Det er heller ikkje kulturprogram på dei stoppa som får besøk laurdagar og søndagar. Dette vil sjølvsagt redusere interessa for familiane til å komme om bord. Følgjene av dette er mindre besøk og mindre utlån og som i byråkratane sitt haud betyr nedlegging!

Møre og Romsdal er eit maritimt fylke som næringslivet er prega av. Dei som no veks opp og som vi ynskjer skal bu og arbeide her har få høve som barn til å verte kjent med båt og sjø før dei skal velje utdanning og yrke. Slik er bokbåten for mange barn det første opplevinga med båt. På dei stadane bokbåten kjem på besøk får barna kome om bord to gonger i året frå dei er i barnehagen til dei er ferdige med grunnskulen. Dei fleste opplever dette som ei hyggeleg og spanande oppleving, som for nokon kan vere spiren til ei maritim karriere.

I konseptet Bokbåten på Vestlandet har det alltid vore eit tett samansveisa miljø mellom mannskap, kultur og bibliotekar ved at alle bur og har mat i lag. Det er no lagt ned forbod for bibliotekarane å bu om bord. Frå hausten i fjor måtte bibliotekarane bu på hotell. Fylgja av dette er at båten etter enda dag må gå til ein stad der det finst hotell i staden for – som tidlegare – at båten gjekk til 1. stopp neste dag for overnatting. I løpet av dei 5 første dagane av turneen båten er ute på no vart det brukt 5 ekstra timar for å frakte bibliotekarane til ein overnattingsstad (døme: tysdag 22.1. avslutta båten besøket i Eiksund. 1. sopp neste dag var Kvamsøy. Etter gamal ordning ville båten gått til Kvamsøy for overnatting. No gjekk båten ein ekstra time til Volda. Neste morgon stod bibliotekarane opp klokka 05.30 for å vere om bord i båten til kl. 06.30 for å nå Kvamsøy kl. 09.00). Sjølv om Epos har miljøvenlege motorar som berre bruker 28 liter i timen er dette i eit miljøperspektiv ikkje bra! Heller ikkje utifrå ei slunken fylkeskommunal kasse er det bra å betale 1000-vis av ekstra kroner for noko som fylkeskommunen kan få rimeleg av båteigar. Grunngjevinga for dette er det berre byråkratane som har. Det er visst HMS regler det vert argumentert med. Han som skriv dette har 42 år fartstid frå bokbåten og har ikkje tatt skade av å bu om bord. Bokbåten er ein liten båt, ingen luksusbåt men med hyggelege lugarar med eigen vask med kaldt og varmt vatn, to toalett og eit bad med dusj – alt ein treng for ein slik kort tur. Båten vert kontinuerleg oppgradert og halden i god stand. Toalett, dusjrom og bysse var nye for få år sidan. Epos vart nyklassa i 2018 utan pålegg, og i 2016 fekk båten internasjonalt MLC sertifikat som dokumenterer godkjent standard på bu- og levetilhøve.

I fylkesrådmannen sitt saksframlegg til U sak 39/18 vert verneombodet sitt notat lagt særskilt vekt. Kva står det så i dette notatet? – jau, at det spesielt om vinteren er det «kaldt og gjennomtrekk ved besøk og at innelufta er tørr. Det er vanleg å få Epossjuka dvs. forkjøling/sår hals om bord eller i etterkant». Verneombodet innrømmer likevel at det er vanskeleg å dokumentere sjukdom etter turane. I notatet vert det også nemnt at i uroleg ver høyrer ein «lyder frå sjø/kai». I fylkesutvalet vart dette møtt med mild latter av ein KRF-politikar og ein kommentar om at « … ein er no på ein båt». Det kanskje mest alvorlege i notatet til verneombodet er pkt. 2 om «Brann om bord». Dette trass i at ingen korkje eigaren av båten eller bibliotekarar med mange tiårs fartstid om bord, kjenner til at det har vore brann på Epos. Det tredje punktet heiter «Person fell over bord». Dette trass i at heller ikkje dette er kjent for nokon som har vore med båten i mange år. Her er det blanda saman faktiske forhold og tenkte scenario noko som etter skrivaren si oppfatning er gjort bevisst for å forvirre. Lindås bibliotek – som driv bokbåten i Hordaland – har i si HMS-evaluering av opphald om bord konkludert med at deira tilsette er svært godt nøgde med opphaldet om bord og at det ikkje er noko å utsetje på lugarstandard, kost eller hygiene om bord.

Manglande universell utforming er også eit argument byråkratane nyttar for å avvikle Epos. Epos er sertifisert etter sjøfartsdirektoratet sine reglar som passasjerbåt med godkjente landgangar og passasjerfasilitetar. I løpet av dei 42 åra skrivaren har hatt teneste om bord har det aldri hendt at nokon med funksjonshemmingar har vorte igjen på kaia.

I Hordaland har dei teke konsekvensen av at fylkesbiblioteket ikkje skal drive praktisk bibliotekteneste og sett driftsoppgåvene til eit lokalt folkebibliotek. Dette kan avlaste fylkesbiblioteket slik at det kan arbeide med utviklingsoppgåver for folkebiblioteka i fylket. Det finst fleire folkebibliotek i fylket som kan ta på seg ei slik oppgåve og i tillegg skipe til enkle arrangement på kveldstid.

Bokbåten Epos er unik i verdssamanheng. Han vart bygd som bokbåt i aluminium i 1963 og sidan 1964 har han besøkt små bygder ved kysten og i fjordane 2 gongar i året. Sidan båt og teneste er unik bør det kvile eit ekstra ansvar på dei 3 (snart 2) fylkeskommunane til at båt/teneste ikkje går ut av historia!

Prosessen med å avvikle bokbåten som fylkesbyrårkatane har starta går føre seg utan at brukarane har fått informasjon eller har blitt høyrt. Tilsvarande skjedde også hausten 2000 då fylkestinget i Møre og Romsdal gjorde vedtak om nedlegging. Dette utløyste eit kolossalt lokalt engasjement som starta på Bjørke med ei underskriftliste. I løpet av haustturen 2000 vart det samla mange tusen underskrifter. Det er fylkestinget til ære at dei tok konsekvensen av dette engasjementet og fekk tenesta inn i budsjettet i 2001.

Det er denne gangen teke initiativ til ei facebookgruppe: Ja til bokbåt i Møre og Romsdal. I skrivande stund har oppropet samla hundrevis underskrifter. Skrivaren oppfordrar alle som meiner det er viktig for utkantane at bokbåttilbodet ikkje vert lagt ned til å signere og DELE aksjonen vidare.
 

Vidar Kursetgjerde

Pensjonert bokbåtbibliotekar med 42 års fartstid.