Hareid-Sulesund-ferje nummer to klar frå Havyard

Havyard Group overleverer i dag ferje nummer to til Fjord1 på strekninga Hareid-Sulesund.

Ferjene over Sulafjorden flyttar 120 biler med energiforbruk tilsvarande åtte, ni middels elbilar, hevdar selskapet.  Foto: Fjord1

Nyhende

No står berre ei ferjeleveranse att før det trafikkerte ferjesambandet er fornya. Den tredje ferja skal etter planen vere klar i mars.  Dei nye ferjene er Havyard 936-design, dei fyrste av ei lang rekke ferjer der Havyard Group både leverer design, framdrift, bruløysingar og bygger ferja.

I ei pressemelding seier konsernsjef Geir Johan Bakke at ferjene tek i bruk deira totalkompetanse.

Ferjene over Sulafjorden flyttar 120 biler med energiforbruk tilsvarande åtte, ni middels elbilar, hevdar selskapet. På vanleg overfart skal det brukast batteri når ladesystema på land er klare, men dersom ferjene må bruke backup-energi, blir det brukt biodiesel. I tillegg har ferja verktøy som gir mannskapet eit ekstra sett augo når det gjelder energibruk.