Fleire i kommunestyret er skeptiske til å ta imot ti nye flyktningar: – Dei blir ikkje integrerte

Store kostnadar knytt til rehabilitering av bustadar, samt manglande integrering bekymrar store delar av Herøy kommunestyre. Enkelte meiner derimot at vi må bli flinkare til å sjå på innvandrarane som ein ressurs.
Nyhende

Mange trudde det skulle vere ein «gjennomklubbingssak» då rådmannen la fram ei tilråding om å ta imot ti flyktningar i 2019. Men Sigurd Nygard (H) tok ordet i saka kjapt etter at ordførar Camilla Storøy (KrF) var ferdig med å lese tilrådinga.