Ekte handballglede då Bergsøy United var vertskap

Bergsøy United var søndag vertskap for 5. serierunde i Gullserien for HU lag.

På lagbildet framme fra venstre: Julianne Bergsnes Muren, Sia Marie Tollås, Linn Skorpen og Sigbjørn Myrseth. Bak fra venstre: Trenar Stig Vestnes, Thomas Osnes Kvalsvik, Per Ivar Kleppestrand og Synnøve Kvalsvik.  Foto: Bergsøy IL Handball

Nyhende

Gullserien er Region Vest sitt servicetilbod for barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetting eller som ønsker eit tilrettelagt handballtilbod.

Fyrste gang i Herøy

Helgas serierunde var fyrste gong det har vore arrangert seriekampar i Herøyhallen for HU lag. Dette er fordi Bergsøy United er det einaste laget i Møre og Romsdal. Dei speler sine kamper saman med lag frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Gjestane som kom på besøk var Florø og Skavøypoll sitt HU lag. Førde skulle også delta, men dei kunne diverre ikkje møte.

- Ein festdag

Bergsøy spelte to kampar mot Florø på minihandball bane. 

Fyrste kamp var jamn frå start til slutt, Florø var stort sett i føringa gjennom heile kampen.  Når det var igjen ca. 1 minutt var stillinga 8-8.

- Vi hadde trua på vårt første poeng, men i siste sekund fekk Florø mål og vann knipent.  Kampen vart feira som vi hadde vunne ei stor finale, fortel Gullserietrenar for Bergsøy United, Stig Vestnes.

Andre kamp mot Florø var det nok ein gong gjestane for sterke.  

- Men vi lager mange flotte mål og viljen til å kjempe for kvar ein ball aukar.  Meistringskjensla blir betre og betre for kvar kamp, og alle nyter kvart sekund på bana, til og med dommaren jubla i lag med alle spelarane.  Bergsøy United er eit ferskt lag som trenar i gymsalen på Borga og overgangen til vanlig handballbane blir ei utfordring på kvar turnering.  Men for denne gjengen er kvar turnering ein stor fest og ingen klarer å vise betre idrettsglede.

Avslutningsvis forklarar trenaren at det var fantastisk gøy å få spele for eige publikum.

- Å høyre publikum heie på deg gir ei fantastisk god kjensle.  Dette vart ein festdag for Bergsøy United og stemninga på tribunen var god.

Serieavslutning

Neste turnering for Bergsøy United blir serieavslutning og Gullhandballfest i Bergen 22. – 24. Mars 2019.

- Vi håpar at vi då stiller med 8-9 spelarar. I tilleg vil vi gjerne få med oss nokre støttespelarar som kan være med å sponse vår satsing, avsluttar Vestnes.

For Bergsøy United deltok:

Sigbjørn Myrseth, Synnøve Kvalsvik, Linn Skorpen, Per Ivar Kleppestrand, Sia Marie Tollås, Thomas Osnes Kvalsvik og Julianne Bergsnes Muren.