Bourbon Offshore sel arktisk kjempe

Bourbon Offshore Norway sitt nyaste og største fartøy er til sals.

SKALK SELJAST: Bourbon Arctic er Bourbon Offshore Norway sitt nyaste og største ankerhandteringsfartøy.  Foto: DigiArt Kay-√Öge Fugledal

Nyhende

Ifylgje nett.no er det tre reiarlag som kjempar om å kjøpe ankerhandteringsfartøyet Bourbon Arctic som blei levert frå Vard i 2016.

Som namnet tilseier er Bourbon Arctic konstruert for å operere i arktiske strok. Båten er difor kraftig utstyrt med både trekk-kraft og vinspakke, i tillegg til høg isklasse.

Jobbar i Barentshavet

Frå midten av 2016 har båten vore på kontrakt med Lundin i Barentshavet for å assistere den halvt nedsenkbare boreriggen Leiv Eriksson. Denne kontrakten blei nyleg forlengd med nok ein brønn.

Etter det nett.no kjenner til er skipet organisert som eit sjølveigande selskap, og at det er ein utanlandsk bank som har teke initiativet til salet.

Bourbon skal sjølv vere ein av dei som ønskjer å kjøpe skipet som blei kontrahert til ein pris på rundt 850 millionar kroner. Kjelder nett.no har vore i kontakt med oppgir dagens pris til nedre del av 300-talet.