Stor skøyteglede i havgapet: – Det er folk på bana nesten heile døgnet

Takka vere oppofrande eldsjeler, kan herøyværingane kose seg på skeiser på Heid-bana. No får «Skøytebana på Heid» fleire pengegåver.
Nyhende

Det er laurdag og lokalavisa har teke turen opp til den gamle fotballbana på Heid. Det har snødd mykje i løpet av natta, men takka vere sola er vêret ganske bra. Likevel er det grunn til å stille spørsmål om korleis tilstanden på skeisebana vil vere etter snøfallet. Men når vi kjem opp til Heid ser vi ei stor folkemengde som omkransar bana. Det er blank is og gode skeiseforhold. Men dette kan då ikkje ha skjedd av seg sjølv?