Røkke-selskap ankar i omsnakka patentstrid – Stig Remøy er oppgitt, men ikkje overraska

Krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost, fekk i går ei melding om at Aker BioMarine ankar delar av den dommen selskapet fekk mot seg i Søre Sunnmøre tingrett.

Stig Remøy: Hovudeigar bak Rimfrost, Stig Remøy, er oppgitt over krilkonkurrenten.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Aker BioMarine ankar ikkje erstatningskravet dei sette fram og som tingretten avviste. Men selskapet ankar på spørsmål om eigedomsrett og bruksrett til krilpatenta som tingretten slo fast tilhøyrar Rimfrost.

- Eg kan dessverre ikkje seie at eg er overraska. Akers praksis både i og utanfor rettssalen ser ut til å  aldri å gi seg, uansett kor svak sak dei måtte ha. Aker har no tapt eller sjølv trekt dei siste seks sakene mot Rimfrost i Norge og USA. Det burde kanskje fått dei til å tenke seg om, seier Stig Remøy i ei pressemelding.

- Let oss ikkje skremme

Remøy, forklarar vidare at han hadde venta at kampen no kunne ta slutt.

- Det verkar på meg som om Aker prøvar å slite ut sine konkurrentar i retten, men vi let oss ikkje skremme og har ingen planar om å gi oss. For meg handlar dette sjølvsagt fyrst og fremst om eit rettferdig og riktig resultat, men det handlar også om kva forretningsetikk som skal få gjelde i norsk næringsliv, seier Remøy.

Aker BioMarine: - Nye bevis

Vestlandsnytt har vore i kontakt med Aker BioMarine. Deira kommunikasjonssjef Ingeborg Tennes har følgjande kommentar:

- Vi kjøpte Juvel med driftsmidlar av konkursbuet og dei tidlegare långivarane Nordea, GIEK og Innovasjon Norge. Vi så for oss å kunne ta i bruk krilfartøyet frå dag ein til kommersielt fiske, det viste seg å ikkje vere mogleg. Rimfrost hevdar at eit patent knytt til produksjonslinja blei selt før konkursopning. I likskap med konkursbuet og dei tidlegare långivarane, bestridar Aker BioMarine gyldigheita av dette salet. Det var vår og seljaren sin forståing at kjøpet av Juvel inkluderte både båten og tilhøyrande produksjonsteknologi. Etter dom i saken falt har i tillegg nye bevis kome fram. Vi meiner desse styrker vår sak, og vi ønsker nå lagmannsretten si vurdering av spørsmåla som saken reiser.

Rimfrost vann i tingretten

Dei siste åra har Rimfrost møtt Aker Biomarine i retten fleire gongar. Alle sakane har enda i Rimfrost sin favør, også i den siste i Søre Sunnmøre Tingrett. Den enda med at Rimfrost fekk fullt medhald på alle punkter i saka som Aker Biomarine hadde anlagt knytt til eigarskapet til krilpatenta. I tillegg måtte Aker Biomarine betale 2,3 millionar kroner i sakskostnader til Rimfrost.

Før den tapte Aker Biomarine i tre rettsinstansar der dei kravde at saken skulle behandlast i Oslo i staden for i Volda.  I tillegg har selskapet tapt ei sak i amerikanske Patent Trial and Appeal Board, og dei har trekt eit søksmål mot Rimfrost i US International Trade Commission (ITC).

Saka kort fortalt

Stig Remøy og Kjell Inge Røkke har i lengre tid konkurrert om dei enorme kril-mengdene i Sørishavet, som elles er verd milliardar av kroner. Aker BioMarine gjekk etter kvart til søksmål mot kril-selskapet til Remøy, Emerald Fisheries, med påstand om at selskapet hadde tatt i bruk Aker sin patenterte teknologi. Det førte til at kril-reiarlaget sin fiskebåt «Juvel» blei liggande uverksam. Selskapet gjekk konkurs i 2017. «Juvel» vart då kjøpt av Aker BioMarine på konkurssal. Det er her rettsspørsmålet står. Aker-selskapet meiner at dei gjennom kjøp av «Juvel» også kjøpte kril-patenta om bord. Stig Remøy har på si side påpeika at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing, men av selskapet Rimfrost som han er hovudeigar i.