I herrefinalen møtte gruppevinnarane SUFH 1 og Moltu kvarandre. Sjølv om resultata tidlegare i turneringa tala for ein jamn kamp, blei det ikkje slik. Moltu viste seg fram frå ei overlegen side. Allereie i det fyrste speleminuttet sørga Tore Nes, med god hjelp frå William Bigseth, for kampens fyrste mål. Etter åtte minutt banka Stig Moltu inn kampens andre mål, og to minutt seinare sette Robert Moltu inn kampens tredje mål for Moltu. Sigeren var då eit faktum. Kampen enda 3–0 og Moltu var med det cupvinnarar på herresida.
Damefinalen stod mellom Hødd 1 og Volda. Her var det Hødd som til slutt var sterkast i ein jamspelt kamp.