Matias med bronse i nordisk meisterskap i biljard!

Matias Sætre tok i helga bronsemedalje i nordisk meisterskap i biljard!

Biljardmedaljørar: Frå seremonien, f.v. Didrik Vatne, Vegard Kristiansen, Casper Matikainen og Matias Sætre.  Foto: Biljardforbundet

Nyhende

Dermed vart det ein ny «skalp» i beltet for larsnesingen som representerer Herøy biljardklubb.

HBK opplyser til Vestlandsnytt at Sætre hadde med seg lagkameratane Jonas Kvalsund Hansen og Henrik Hauge Pettersen nedover mot Oslo for å delta på nordisk meisterskap i tiarball.

Matias vann alt heilt fram til semifinalen, der Vegard Kristiansen vart for sterk. Kristiansen tok seinare gullet. Men kjempebra jobba av Matias, som altså fekk delt tredjeplass.

– Henrik og Jonas spelte i U19 og kjempa med nebb og klør, men dei måtte dessverre se ta til takke med delt 13. plass. Betre lukke neste gong, helsar HBK, som no altså har ein nordisk medaljevinnar i sine rekkjer.