Fritt ord:

Herøyspelet – røtene og vegen vidare

Innlegg av Arnljot Grimstad.
Nyhende

Eg har i alle år vakta meg vel for å vere ein «sjuande far» når det gjeld Herøyspelet. Men no og då har eg vore på bana med synspunkt… det er rart med det…

Elles meiner eg at den «sjuande far i huset» har fått eit ufortent dårleg rykte. Ufortent, for hugs at det var han som til slutt gav positivt svar til den framande gjesten som trong ein stad å overnatte.

Eg har i Vestlandsnytt, med visse mellomrom, mint om det som frå byrjinga var innhaldet i Herøyspelet. (NB! Det kan vere lurt å lese i styreprotokollen 1989- 1992)

Og her tek eg opp igjen det som i si tid vart vedteke og som fungerte i fleire år: Kongens ring, symposium, økumenisk høgmesse og kulturell kontakt med Vesterhavsøyane. (Amatørteaterarbeid var òg programfesta, men kom aldri skikkeleg i gong.)

Kongens ring står seg, for det er særs godt, og det har rørt oss til tårer og gripe sterkt hos mange tusen personar sidan 1992. Dramaet, musikken og songen rører strengane i oss. Rolf Losnegård og Svein Arne Møller skapte noko stort den gongen, meiner eg.

Så vart det slutt med symposium, og kontakten vestover vart kutta. Berre framføring av Kongens ring og gudstenesta stod att. Slik vart det. Eit stort tap, er framleis mi meining.

Merk: mange stadar med spel har «noko i tillegg». Herøyspelet kutta ut noko svært viktig det som gjorde det heile til noko meir, og dette var noko som kunne ha utvikla seg vidare. Tenk på kva den kulturelle kontakten vestover kunne ha ført med seg! Eg seier ikkje meir.

Dette innlegget heldt eg på å skrive, men så kom Vestlandsnytt i hus, og det gav meg høve til å tenkje og skrive vidare…

Gerald Pettersen abdiserer som regissør, les eg. Eg er viss på at styret vil syte for skikkeleg, velfortent takk til Gerald for den mangeårige innsatsen for Kongens ring, i solskin, i regn og i skur, uthaldande, og eg skriv gjerne under den takka.

Men Herøyspelet surrar vidare i tanken: Kva no? Kva ville eg ha gjort framlegg om? Korleis står det til på andre stader? Eg «googlar» næraste spelnabo, Dragseidspelet «På sverdeggja», og får opp ei flott og innhaldsrik heimeside med rollelister. Regissøren skriv:

«After a three year break, the goal of this year’s Dragseidspelet is for both the actors and the audience to discover the play again. We don’t want to simply repeat what we’ve done before, but to take the opportunity to reinvent the show, to make sure that every one feels that they’re seeing the show for the first time.»

Jeff Pedersen, regissør

[…] vi skal ikkje repetere det vi har gjort tidlegare, men nytte høvet å finne opp (skape) spelet på nytt. […] (slik) at alle føler at dei ser spelet for fyrste gong.» skriv regissøren.

NB! Vidare står det kva meir dei kan tilby: «Kombiner Dragseidspelet med ei opplevingsrik helg på Stad. Det blir salsmesse og utstilling av dyr og produkt i «sentrum» v/Kjerringa Husflidlag og bøndene i kommunen, både laurdag og søndag. Søndag 29. mai arrangerer Stadt Naturguiding vandring i Ragnvald frå Ervik sitt rike. Turen går i lett og fint terreng med flott utsikt over Ervik og Stadhavet. På turen får du høyre om hovdingen Ragnvald og andre spennande historier frå dette vakre og dramatiske landskapet. Tid ca 3 t . På fredag 27. mai og søndag 29. mai (stengt laurdag) kan ein oppleve utstillinga «Kvardags-skildring» rundt år 1000 - eit kunstuttrykk i ulike medium, i form av bilde, tekstil og skulptur. Utstillinga er på Borgundvåg Gard.»

Sjå der! Noko for Herøyspelet?

Så googlar eg «Songen ved det store djup», Kinnaspelet, som eg opplevde den gongen Gerald Pettersen hadde ei stor rolle der. På heimesida deira les eg:

«Kinnaspelet «Songen ved det store djup» er eit av dei eldste historiske spela i Noreg, […]. Berre «Spelet om Helag Olav» på Stiklestad er eldre.

Men Kinnaspelet fornyar seg likevel, kvart år. Regien endrar seg, nye skodespelarar kjem inn. Dei siste åra har fleire grupper fått nye kostymer, og andre står for tur.»

Og rollelista er klar med Oda Alisøy som regissør i 2019.

Eg har ikkje kontaktar i teatermiljøet, men uansett kven som får regiansvaret så må vedkomande få frie hender, heilt og fullt, med blanke ark.

Gi den nye regissøren manuset og notane/musikken, lytte til CD-en, vis vedkomande det framifrå vakre Herøy amfi: «Her har du materialet vårt. Vis oss ‘Kongens ring’ 2019 slik at alle føler at dei ser spelet for fyrste gong.»

Det er ingen som har bedt meg om synspunkt på dette, men det er rart med det, eg har då nokre aksjar i Herøyspelet.