Tida Går:

Dei fyrste handball-damene: – Vi var nokså «grøne» både når det galdt teknikk og reglar

I år er det 75 år sidan Bergsøy idrettslag vart skipa. I byrjinga var namnet Bergsøy Turn- og Atletklubb. Året etter vart namnet fyrst endra til Fosnavåg Idrettsforening, og deretter til Bergsøy idrettslag.

EIN SAMANSVEISA GJENG: Her ser vi spelarane som var med på å legge grunnlaget for handballsporten på Bergsøya. Biletet er truleg frå 1949, same året som laget debuterte i serien. Framme (frå venstre): Anny Myklebust, keeper Aslaug (Myrhol) Pettersen og Bergljot (Myrhol) Myrseth. Bak: Margit (Myklebust) Thorsen, Reidun (Roksvåg) Gaustad, Sonja (Melvær) Johannessen, Kjellaug (Almestad) Vågsholm, Liv (Pettersen) Brekke og Hjørdis Myklebust. (UKJEND FOTOGRAF)  Foto: Ukjend

Vi var nokså «grøne» både når det galdt teknikk og reglar.

Nyhende

Knapt tre år etter skipinga skreiv Vestlandsnytt at «handballsporten hev før vore ein framand sport her på øya. I år hev fleire vorte fengde av denne dilla, og ein heil tausaflokk hev drive med trening i fleire kveldar.» Dei heldt til på skuleplanen ved Myklebust skule, som låg berre eit steinkast frå Herøy kyrkje. Ei av desse tausene var Bergljot Myrseth (88). – Til å byrje med (i mai 1947) var det berre nokre få som møtte opp på treningane. Men etter kvart vart det fleire og fleire. Vi var nokså «grøne» både når det galdt teknikk og reglar. Året etter kom det heile inn i meir faste former. Peder Worren tok på seg oppgåva som instruktør. Han kunne både handballreglane, speleteknikkar og ikkje minst det å inspirere og lære frå seg, fortel Bergljot.