Vestlandsnytt satsar meir digitalt: – Fleire bør bruke nettavisa

Etter at Vestlandsnytt fekk eAvis og nettavis våren 2018, vel stadig fleire å nytte seg av fordelane i tilbodet. No får du endå meir ut av å registrere deg digitalt.
Nyhende

I dag er om lag 13,6 prosent av alle Vestlandsnytt sine lesarar reine digitale abonnentar. 86 prosent har komplett abonnement. Det inneber at dei, i tillegg til å lese avisa på papir, kan oppdatere seg på nyheiter på nettavisa kvar dag, ofte opptil fleire dagar før dei står i papiravisa. I tillegg kan ein lese papiravisa digitalt allereie kvelden før ho vert distribuert.

I underkant av 20 prosent av komplett-abonnentane har registrert seg som digitale brukarar av Vestlandsnytt.

– Men vi vil gjerne ha endå fleire inn på dei digitale plattformene våre. Difor har vi valt å satse meir på dette feltet, seier redaktør Endre Vorren.

Digital historieforteljing

Eitt av grepa avisa har gjort, er å investere i ei form for digital historieforteljing i enkelte typar saker. Eit døme er historia om trebarnsmora Malene Wolden (30), som vart redda av Mork rehabiliteringssenter etter å ha mista både språk og kroppslege funksjonar. Vi har valt å opne denne saka, slik at alle kan lese og sjå kva denne typen formidling inneber.


 

Streaming, video og musikk

I år tek Vestlandsnytt sikte på å sende direkte frå enkelte lokale arrangement. Det hender også rett som det er at vi lagar små videoreportasjar, delar lesarvideoar, eller deler ny musikk av artistar med lokal tilknyting.

Slik registrerer du deg

Sidan Vestlandsnytt ikkje kom på nett før i 2018, har vi dessverre ingen database med e-postadresser til alle våre abonnentar. Difor er vi avhengige av at abonnentane tek kontakt med abonnementavdelinga for å få slik tilgang. Alt du treng å gjere er å ringe i kontortida eller sende ein e-post til abonnement@vestlandsnytt.no, der du skriv at du ønskjer digital tilgang. Då får du raskt hjelp.

Billegare å vere digital abonnent

– Faktisk er det billegare – for dei som ynskjer eit rimelegare alternativ – å berre ha digitalabonnement, avsluttar Endre Vorren.