Eg kom meg ikkje gjennom snøen og måtte få hjelp både ut og inn, skriv ein rullestolbrukar i ein klage til kommunen.

Skulle ta vaksine

Vedkomande skulle på helsestasjonen for å vaksinere seg, etter oppmodinga frå kommunen til folk med dårleg helse. Dama hadde difor rekna med at lokala var tilgjengelege også for folk med rullestol, noko dei ikkje viste seg å vere.

Framfor legekontoret var det godt rydda, men utfor inngangen til helsestasjonen var det berre nokre trakka stiar i snøen. Manglande snørydding gjorde at merkinga av parkering for handikappa heller ikkje var synleg.

Klagaren ber difor kommunen sjå til at helsestasjonen blir gjort tilgjengeleg for rullestolbrukarar utan at dei må ha med seg hjelparar.